.jpg?auto=format&fit=crop&crop=faces&ixlib=react-9.10.0&h=317&w=520)
Elise Otnes
Prosessansvarlig
Arbeidsgiver
Elkem-Bjølvefossen
Sted:
Ålvik, Hardanger
Utdanning:
Kjemiingeniør
Vurderinger (0)
Fagfelt:
FysikkKjemiMatematikkInteresser:
FjellByVolleyballKanelbolleMatteNaturfagFysikkKjemiFestivalSofaTreningAntall utførte besøk: 2/2
Rollemodellen har fullført sine skolebesøk og kan ikke bookes flere ganger i år
Om Elise
Jobb
På arbeidsplassen min, Elkem Bjølvefossen, produserer vi metall ved å la kvarts (ein type stein) og ulike karbonkjelder (f.eks. kol) reagere under høge temperaturar inne i ein stor smelteovn. Når metallet blir tappa ut frå botnen av ovnen, er det flytande og rundt 1800 °C. Hovudoppgåva mi er at det metallet som kjem ut av ovnen skal vere av riktig kvalitet og riktig mengde, men eg arbeider med veldig mykje forskjellig i løpet av ein dag. Eg samarbeider mellom anna mykje med operatørane som styrer ovnen til dagleg, og jobbar for at vi skal få på plass ny og betre teknologi. For eksempel for at metallet skal bli betre eller at arbeidet skal gå raskare, lettare, vere meir sikkert eller miljøvenleg. Ein viktig del av jobben min er å jobbe med HMS. Spørsmål som eg kan jobbe med då er f.eks. Kan ei anna råvare gjere at produksjonen blir meir miljøvenleg? Kan vi endre på rutinene våre, slik at vi bruker mindre energi? Kan ein robot gjere denne jobben lettare? Korleis kan vi vere sikre på at ting vi gjer er riktig?
Utdanning
Då eg skulle søke på studier, var eg veldig usikker på kva eg skulle velge. 10 minutt før fristen gjekk ut endte eg opp med å søke på kjemiingeniørstudiet ved Høgskolen i Bergen. Eg er veldig fornøgd med å ha studert kjemi, fordi det du lærer gjer at du forstår meir om korleis verden rundt deg fungerer og du kan bruke det til mykje rart etter at du er ferdig studert. For eksempel kan kunnskap om kjemi få deg til å forstå meir om kroppen din, mat og medisinar, men det kan og hjelpe deg til å forstå korleis motorar fungerer og korleis ein kan lage ulike typar produkt – alt frå yoghurt til metall. I masteren min som eg tok ved Universitetet i Bergen, valgte eg å fordjupe med i analytisk kjemi. Det går egentlig ut på å lære å analysere ulike ting for å finne ut av kva som er i dei. Det er ganske spennande, for ein føler seg litt som ein detektiv! I masteroppgåva mi som eg skreiv i samarbeid med Havforskningsinstituttet undersøkte eg korleis organismar på havbotn vert påverka av oljesøl. Det eg fant ut vart teke med i Havforskningsinstituttet sine råd til politikarane som bestemmer om Norge skal drive med oljeleiting i Lofoten eller ikkje. Det er ganske kult å kunne vere med å påverke framtida! Som sagt er noko av det eg likar best med kjemi at ein kan bruke det til så mykje forskjellig. Då eg var ferdig å studere kjemi tok eg PPU, og jobba 4 år som lærar i ungdomsskulen. Og no jobbar eg med metallproduksjon. Kjemiutdanninga har gjort det mogeleg å prøve veldig mykje forskjellig!
Om meg
Eg er oppvaksen på eit småbruk i ei lita bygd midt mellom Bergen og Ålesund, Eg studerte på HiB og UiB i Bergen, og eit år på UiO i Oslo. Nokre veit at dei skal bli artist, lege, mekanikar eller fotballspelar frå dei er veldig små, men eg hadde aldri bestemt plan. Det har eg framleis ikkje! Då eg skulle velge studie var eg rett og slett veldig forvirra. Men eg visste berre at eg likte realfag godt, og at eg ville velge noko som gav med mest mogeleg valgfriheit i framtida. Då kunne eg på ein måte «utsette» valget litt. Fleire av faga ganske krevande då eg studerte, men gode venner og eit godt studentmiljø gjorde det til ei bra oppleving. Eit av høgdepunkta var då eg dro på utveksling til California – det var veldig lærerikt og ikkje minst veldig kjekt! Eg er veldig glad i å reise, og brukte eit år mellom bachelor og master på å reise verda rundt. I tillegg gjekk eg på folkehøgskole etter VGS der eg fekk reise ein del. Det kan eg verkeleg anbefale! Ellers er eg veldig glad i å vere sosial med venner og familie, vere i aktivitet, gå på konsert og å lære hunden min Luna nye triks. Eg trivast godt med det meste og det har kanskje gjort det vanskeleg å finne ut av kva eg vil bli. Undervegs har eg lært at ein ikkje nødvendigvis treng ein plan, for ønsker kan endre seg med tida og det er kjekt å prøve forskjellige ting. Så lenge ein gjer sitt beste, ordnar ting seg som regel etter kvart.